Nyhetsbrev

Motta siste nytt fra Arbeidsliv i Norden med e-post. Nyhetsbrevet utkommer 9 ganger i året.

(Påkrevd)
Du er her: Forside i Artikler i Kommentar i Kommentar 2018 i Kva skal til for å inkludere utsett ungdom?
Kommentar

Kva skal til for å inkludere utsett ungdom?

| Kjetil Frøyland, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), OsloMet - storbyuniversitetet

Den norske regjeringa inviterer til inkluderingsdugnad. Prisverdig initiativ. Men statsrådane bør også ta ein kikk på strukturane bak om innsatsen skal verte meir enn plaster på såret. Kanskje må vi tenke annleis om korleis skule og arbeid kan kombinerast.

Stadig fleire fell utanfor. Nokre på grunn av helseutfordringar. Andre på grunn av høge krav til kompetanse, eller tøff konkurranse om jobbane. Mange på trass av eit ønske om å delta. Særleg bekymringsfullt er det at fleire unge ser ut til å ha vanskar med å fullføre skulen og finne arbeid.

Den nygamle regjeringa inviterer difor til inkluderingsdugnad. Prisverdig initiativ som det er lett å støtte opp om. Dei meiner at arbeidsgivarane må med på laget. Arbeidstrening av unge med «hol på cv’en» må koplast med muligheiter til fast jobb. "Vi må være mer opptatt av resultater enn å telle antall på tiltak", seier statsministeren ifølge Aftenposten (30.01.2018). Det høyrest bra ut dette, men er det bra nok?

Gjennom eit nyleg avslutta doktorgradsarbeid har eg treft fleire som avbraut skulen, kom inn i negative sirklar, mista nettverk, og tapte mot til å omgåast andre. Mest utsett er dei med psykiske vanskar, ADHD, rus, tøff oppvekst, funksjonsnedsetjingar eller andre helsevanskar. Dei vert kalla ”utsatt ungdom”, ”problemungdom”, ”NAVere” – ein tapt generasjon? Dei sit oppe om nettene og spelar på internett. Dei slit med motivasjon og psyke. Mange lever isolerte liv, et usunn mat, har få venner, vanskar med eigen familie, og lite håp for framtida. Dei har lang erfaring i å komme til kort.

Dei har ikkje berre hol på CV'en. Dei har hol i sjølve livet. Og på skulen lærte dei framfor alt dette: du dug ikkje. Difor trur dei ikkje lenger at dei kan. Og veit ikkje kva dei vil.

Sårbar ungdom som manglar meistringserfaringar og trygge omsorgspersonar har ikkje alltid eigenmotivasjon nok til å komme seg over «kneikene» livet bringer. Nokon må gå saman med dei. Det kan vera ei venninne, ein ungdomsarbeidar, ein NAV-veiledar: «Hun er tryggheten min, det er det som er viktigst», fortalde ei ung kvinne om hjelparen sin. «At han liksom har dradd og pusha deg hele veien: Du gir deg ikke i dag,» sa ei anna.

Arbeidsgivarane er viktige. Eg er samd med ministrane i det. Ein butikkeigar sa det slik: «Fra å være beskjedne og sjenerte i begynnelsen, våger de etter hvert å løfte blikket, se folk i øynene, og blir aktivt deltakende også i miljøet. De går fra å være usikre til å bli sikre. Det er utrolig artig å se, de merker det kanskje ikke selv, men vi ser en enorm forskjell.» Men arbeidsgivarane kan ikkje løyse dette åleine. Unge med samansette utfordringar treng støtte samtidig som dei er i arbeid. Vellukka bruk av arbeidspraksis for denne målgruppa krev eit oppegåande støtteapparat som sørger for at det blir «place and train», og ikkje «place and pray».

Vi lever i ein av dei beste velferdsstatane i verda, men likevel er det ikkje lett å få hjelpeinstansane til å spele på lag og yte "sømløs" og "effektiv" bistand. Det veit mange som har måtta prøve. Ein ungdomsarbeidar sa det slik: "Det er ikke ungdommene som er problemet. De får vi alltids med. Det er verre med alle hjelperne som må inn og bidra…". Ja, så vrient er det at denne utfordringa gjerne vert omtala som "a wicked problem"; som noko nær uløyseleg. Slik fell dei med hol i cv’en ofte også «mellom stolar» når dei henvender seg til støtteapparatet. Ein dugnad er fint, men løyser den kjernen i utfordringane?

Sosiologen C. W. Mills sa det omtrent slik: Dersom ein av ti tusen er arbeidsledig kan vi gå ut frå at det er eit individuelt problem. Men dersom tusen av ti tusen menneske er arbeidsledige, kan vi gå ut frå at vi har med eit strukturelt problem å gjera. Omset vi gjennomføringstala i vidaregåande skole til same brøk, får vi at nesten tre tusen av ti tusen ungdommar ikkje fullfører i Noreg i dag og i staden får hol på cv’en. Er det ungdommen det er noko feil med?

Den norske velferdsstaten er bygd som ein motorveg for alle. Den går til den vidaregåande skulen, og derifrå til det gode liv. Dei som fullfører lever betre liv, og gir meir tilbake til fellesskapet. Det viser evidensbasert forsking. Det er ingen tvil om at utdanning er ein god ting – og dei fleste kjem også gjennom. Samanhengane mellom fullføring av skulen og seinare arbeidskarriere er dokumentert i fleire studiar. Men alle lærer ikkje på same måte. Systemet dug for dei fleste, men for dei med ekstra behov er det ikkje fleksibelt nok. For nokre blir det vegen til utanforskap.

Behovet for ufaglært arbeidskraft på sjøen eller i industrien er ikkje så stort som før. Og ikkje finst militæret der heller som "a second chance" med streng, men ivaretakande struktur for rådlause unge menn. No slepp berre dei utan «hol i cv'en» inn der. Har nokon undersøkt kva det har å bety?

Ein dugnad er flott. Eg støttar den. Men statsrådane bør også ta ein kikk på strukturane bak om innsatsen skal verte meir enn plaster på såret.

For dei unge er skulen viktig. Og det er mogleg å få til læring i arbeidslivet for dei mest prøvde unge som ikkje berre slit på skulebenken, men som også tapar kampen om praksisplassane. Dei «virkar ikkje» meiner nokre lærarar, og fryktar at denne ungdommen – om han slepp til – kan øydelegge tilliten læraren møysommeleg har bygd opp til arbeidsgivaren gjennom år med leveransar av elevar som «virkar».

Kanskje må vi tenke annleis om korleis skule og arbeid kan kombinerast. Korleis? Gjennom aukt kompetanse og ressursar i skulesystemet til å bruke vanlege arbeidsplassar slik at dei elevane som slit mest får roller og oppgåver som dei kan meistre, og som også betyr noko og har verdi for arbeidsgivaren. Slik skapar ein sjølvverd og motivasjon. Å få arbeide med kolleger som har «levd lenge nok til at dei ikkje har behov for å stigmatisere» – slik ein sjef sa det – men som finn glede i å hjelpe ein «ungdom i svevet» til å finne fotfeste. Klar tale, rom for å feile og lære, god oppfølging, inkluderande omsorg. I tillegg til god støtte frå ein los, ein ungdomsarbeidar eller oppfølgingstenesta i skulen. Både arbeidsgivaren og den unge må følgast opp. Her burde NAV også bidra slik dei gjorde før nokon fann på ordet «naving» og minna oss om at støtte til livsopphald var noko som kunne utnyttast. Dei hadde nok rett i det, men det førte til at muligheiter forsvann frå dei mest utsette. Dei som ikkje har pengar til restaurant eller kino.

Ved å strekke opplæringstida og gjere skulesystemet meir fleksibelt kunne ein unngå å stemple kvar fjerde ungdom som avvikar med hol på cv’en berre fordi han ikkje fullførte på fem år. Det er her ministrane må rette skytset. Ein dugnad kan sikkert hjelpe. Men den må vera meir enn eit kortvarig skippertak for å «få unna det vi lenge har tenkt at vi burde gjera noko med, men som ingen har orka å ta tak i». På dette området finst ikkje snarvegar. Det må varige løysingar til. 

Kjetil Frøyland Kjetil Frøyland

er forsker II/stipendiat på Senter for velferds- og arbeidslivsforskning på OsloMet - storbyuiniversitetet.

Nyhetsbrev

Motta siste nytt fra Arbeidsliv i Norden med e-post. Nyhetsbrevet utkommer 9 ganger i året.

(Påkrevd)
h
This is themeComment